Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer

Om forsking, utvikling og analyse


På desse nettsidene informerer Framandspråksenteret om forsking og utvikling innanfor framandspråk og framandspråkdidaktikk. Du finn òg informasjon om kor mange elevar/studentar det er på dei ulike språkfaga.

FoU-prosjekt
Som eit ledd i arbeidet med strategiplanen Språk åpner dører 2005–2009 sette Framandspråksenteret i gang ei rekkje forskings- og utviklingsprosjekt som blei gjennomførte av engasjerte fagpersonar ved ungdomsskular, vidaregåande skular og universitet rundt omkring i landet. Dei ulike prosjekta kan du lese meir om under knappane i menyen til venstre.

Statistikk og analyse
Framandspråksenteret samlar årleg informasjon om fagvala til elevar og studentar innanfor engelsk og framandspråk, og vi utarbeider korte analysar som er baserte på tilgjengeleg statistikk og talmateriale. Meir informasjon finn du under knappen «Elevenes fagvalg – statistikk og analyse».

Fokus på språk
Framandspråksenteret har ein eigen skriftserie, Fokus på språk. Her publiserer vi resultat frå forsking og utvikling innanfor framandspråk og didaktikk, både frå senteret sine prosjekt og frå eksterne bidragsytarar. Meir informasjon om skriftserien finn du i menyen til venstre.

Temasider
Vi er for tida i ferd med å byggje opp ei samling temasider (sjå menyen til venstre). Her vil du finne informasjon om og frå forsking på ulike språkovergripande tema med relevans for framandspråklæring og  didaktikk.

Masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar
Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2011 og 2012.
Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2013.
Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2014.
Her kan du laste ned oversikta over masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar om framandspråk (didaktikk) frå 2015 og 2016


Forsking og utvikling
Forsking og utvikling driv skulen framover. På desse sidene informerer vi om forsking og utvikling innanfor framandspråk og framandspråkdidaktikk. Du finn òg informasjon om kor mange elevar/studentar det er på dei ulike språkfaga.

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 08.02.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret