Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer

Opplegg og ideer til undervisningen


Her finn du ressursar til undervisninga på yrkesfag. Det er forslag til undervisningsopplegg der dei fleste er tverrfaglege og integrerer kompetansemål både frå engelsk- og yrkesfaget. Desse er sortert etter dei ulike yrkesfagprogramma (sjå meny til venstre). Vi har òg ein kategori kalla Programfaguavhengige opplegg der relevansen er meir framståande. Desse opplegga har kun kompetansemål frå engelskfaget.

Ein heilt ny ressurs er vår store filmressurs - Fabulous Films. Her har vi valt ut filmar som passar på fleire yrkesfag og laga opplegg som inkluderer kompetansemål frå engelsk og to eller fleire yrkesfag. Om du er lærar på nokre av desse yrkesfaga, kan du nytte det samme opplegget i fleire klassar. 

Vi har òg utvikla nokre idéar til korleis du kan arbeide med skriving - å gå frå den lille skrivinga til den store teksten. Sjå under knappen Programfaguavhengige opplegg for å finne desse ressursane.

Framandspråksenteret har laga eigne lyttetekstar for yrkesfag som ein kan avspela direkte eller laste ned. Nokre av lyttetekstane er delte i to, andre har forslag til korleis ein kan tilpasse lytteøvinga til elever med eit svakere grunnlag i engelsk. Lyttetekstar merkte med TR er transkriberte for høyrselshemma. Lærarar kan ta kontakt med oss for å få tilgang til dei transkriberte tekstane (info@fremmedspraksenteret.no). For å vise korleis ein kan arbeide med lyttetekstar for å øve den grunnleggjande ferdigheita, har vi utvikla nokre undervisningsopplegg med læringsaktivitetar for både før-, under- og etterfasen. 

Tanken er at dette skal vere ein lett tilgjengeleg nettressurs som kan inspirere til å se moglegheiter og møteplassar i læreplanane. Vi har freista å gjere det enkelt å finne fram. Du kan få fram heile opplegget med å velje Vis alle til høgre i opplegget eller velje å klikke fram enkeltelement i undervisningsopplegget. Nedst på sida finn du eit utskriftsikon. 

Det er våre FYR-koordinatorar i dei ulike fylka som har sendt inn dei fleste av opplegga til Framandspråksenteret, eller dei har deltatt i eigne arbeidsgrupper for å utvikle opplegg. I samarbeid med dei har vi kvalitetssikra og systematisert opplegga.

NDLA (Norsk digital læringsarena) har ei eiga side for FYR: http://fyr.ndla.no/ Her finn du undervisningsopplegg, videoar, lenkjer m.m. for engelsk og dei andre FYR-faga. NDLA har i tillegg til FYR-sidene ressursar for engelsk på yrkesfag som du kan sjå på her.

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Karin Dahlberg Pettersen 14.11.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret