Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer

ECML - European Centre for Modern Languages


Ved European Centre for Modern Languages i Graz (Austerrike) kan du delta på kurs/seminar og auke kompetansen din på feltet undervisning av framandspråk.

European Centre for Modern Languages (ECML) blei etablert i Graz i 1994 og er ein institusjon under Europarådet. Formålet med ECML er å fremje læring og undervisning av framandspråk i Europa, mellom anna ved å medverke til informasjonsutveksling, forsking og utvikling innanfor læring og undervisning av framandspråk.

Senteret fekk i 1999 permanent status, og no deltek til saman 33 av dei 47 medlemslanda i Europarådet i verksemda. Det blir utarbeidd eit langsiktig program for arbeidet ved ECML. Dei fleste aktivitetane blir arrangerte i Austerrike, men ein del finn stad i andre land òg. Temaa for seminara ved ECML speglar dei språkpolitiske prioriteringane som Europarådet har sett opp.

For å følgje opp satsingane og utviklingsarbeidet til Europarådet tilbyr ECML ulike typar aktivitetar, inkludert workshops, konferansar, regionalt arrangerte tiltak og ekspertmøte og såkalla network meetings.

Målgruppa for seminara ved ECML kan til dømes vere lærarutdannarar, personar som er involverte i utvikling av undervisningsopplegg, evalueringsformer og læreplanar, og framandspråklærarar. Deltakarane kan òg ha ein annan profil. Noreg har plass til éin deltakar ved kvart seminar.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Halden) fekk 1.9.06 overført viktige funksjonar frå Utdanningsdirektoratet når det gjeld Graz-senteret. Framandspråksenteret er no kontaktinstitusjon (contact point) for Europarådets senter. Dessutan er vi ansvarlege for å sende ut informasjon om aktivitetar og velje ut dei som skal få delta frå Noreg (nominating authority). For deltakarar vil alle utgifter til reise og opphald bli dekte. Vi vil derfor sende ut seminartilboda på e-post gjennom universitets- og høgskulenettverka og gjennom utdanningsavdelingane hos fylkesmennene. Dessutan er tilboda beskrivne her på Internett-sida vår. Det er ei oppdatert liste over aktivitetane ved senteret på nettsidene til ECML: http://www.ecml.at/. Under kvar aktivitet er dato, seminarspråk og spesifisert målgruppe for seminara oppgitt.

ECML har ei stor dokumentasjonsavdeling der interesserte kan bestille materiell og publikasjonar som er gitt ut i regi av ECML eller andre organ i Europarådet. Også ved Framandspråksenteret i Halden vil det bli bygd opp eit bibliotek med publikasjonar frå Graz. Dei vil ein kunne låne gjennom bibliotektenesta til Høgskolen i Østfold (www.hiof.no).

Dersom du er interessert i å delta på seminar ved Europarådets senter, er du velkommen til å kontakte Framandspråksenteret info@fremmedspraksenteret.no

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 02.12.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret