Nasjonale sentre
Det er 9 nasjonale senter, som på ulike satsingsområde har nøkkelroller for å utvikle kvaliteten på opplæringa. Fagleg styring og oppfølging av dei nasjonale sentra er delegert frå Kunnskaps¬departementet til Utdanningsdirektoratet. Vertsinstitusjonane har det administrative ansvaret for sentra.
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) bidrar til kompetanseutvikling i barnehagar, skolar, universitet, høgskolar og vaksenopplæringssentra. NAFO arbeider med å styrke kompetansen i opplæring av minoritetsspråklege barn, elevar/deltakarar og studentar på alle nivå, og bidrar til å utvikle inkluderande fleirkulturelle læringsfellesskap. Senteret ligg ved Høgskolen i Oslo.
Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Framandsråksenteret) skal vere eit nasjonalt ressurssenter for framandspråk i grunnopplæringa og arbeide for at framandspråkopplæringa får høg kvalitet, blir tilpassa alle elevar og vert given eit praktisk og variert innhald. Senteret ligg ved Høgskolen i Østfold i Halden.
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (Kunst og kultursenteret) er eit nasjonalt ressurssenter for grunnskolen, vidaregåande opplæring, høgare utdanning og barnehagar. Målet er å styrke kunst og kultur i opplæringa. Senteret ligg ved Høgskolen i Bodø.
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) er eit ressurssenter for lesing og leseopplæring og eit spesialpedagogisk kompetansesenter for lese- og skrivevanskar. Senteret ligg ved Universitetet i Stavanger.
Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) skal hjelpe nasjonale utdanningsmyndigheiter med råd og tenester. Senteret skal bidra til å realisere satsingane til staten i utdanningspolitikken gjennom kompetanseutvikling og bidra til auka kvalitet i læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne. Senteret ligg ved Universitetet i Stavanger
Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (Matematikksenteret) har som hovudoppgåve å leie og koordinere utvikling av nye og betre arbeidsmåtar og læringsstrategiar i matematikkopplæringa i barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring og lærarutdanning i Noreg. Senteret ligg ved NTNU.
Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) skal vere eit nasjonalt ressurssenter for barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring og lærarutdanning. Hovudoppgåva er å styrke kompetansen i og motivasjon for naturfag hos elevar og lærarar. Senteret ligg ved Universitetet i Oslo.
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) skal vere eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret skal ha som hovudoppgåve å leie og koordinere arbeidet med nynorsk i opplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformer. Senteret ligg ved Høgskulen i Volda.
Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Skrivesenteret) vere eit nasjonalt ressurssenter for skrivestimulering og opplæring i skriving i barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring og lærarutdanning i Noreg. Senteret ligg ved Høgskolen i Sør-Trøndelag.
Kontaktinfo:
Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.
Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden
Tel: 69 21 58 30 Fax: 69 21 58 31



